Ingvild Vedde @Hallingdølen
Då tek eg på piggsko og tek nokre stigningsløp. Då er skylappane på plass og dei som kjenner meg vil nok sjå at eg ikkje er heilt til stades. Det er ikkje lett å prate til meg då, seier Ingvild.Ho er ein individualist, og innrømmer det gjerne. Iallfall i idrettssamanheng.– Kvifor vart det mellomdistanse?– 1500 meter fascinerer meg. Det er høg fart på distansen, samstundes som ein må tenke mykje taktikk heile vegen. Det er den jenta som er raskast og samstundes mest vaken taktisk som vinn. Det er spennande. – Det som fascinerer meg mest med løp er at alle konkurrerer på like premissar. Det er ikkje som i andre idrettar at utstyret betyr alt. Samstundes er det jo klart skilnad på treningsfasilitetar og miljø.

